Debatt ● Jama Philip Korn

Om du ikkje skjøner samfunnet, kan du oppfatte mykje som «tull»

Tre ting gjer «tullestudier»-utspillet til Frølich vanskeleg. Likevel kan ein spørje seg om han har eit poeng.

— Om det er ein ting som eg har lært som karriererettleiar i eit utal av menneskemøte, så er det å fjerne eit val ikkje ein effektiv måte å styre interesser og talent til den enkelte, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det finst openbert ei liste over studium som ingen treng. I alle fall er det ikkje verdt at fellesskapet bruker pengar på det. Det er nok utgangspunktet til Peter C. Frølich som reiste ein ny debatt om nytteverdien på visse «tullestudium». Atter ein gong må ein nok seie. 

Men kva er eit «tullestudium»? 

For somme finst det eit enkelt svar på det, og det verkar som om desse personane samlar seg på politikken sin høgre side. Ikkje berre Frølich i Høgre men òg fleire FrP-politikarar har fleire gongar gått til åtak på studium som dei tenkjer på som «unyttige» for samfunnet. 

Motsvar er nokså tydelege og kjem ikkje berre frå akademia, men òg frå politikarar og frå nokre kommentatorar. 

Men kva er det ein skal i røynda reagere på? Det er nok tre ting som gjer sjølve innspelet frå Frølich særs vanskeleg. 

For det fyrste er det oppsiktsvekkjande at det akkurat er høgre side i politikken som har sett seg som mål å innskrenke den elles heilage valfridomen. Ville SV eller AP funne på å redusere «uynskt» utdanningstilbod eller noko anna i denne retninga, kunne ein nok har venta på at dei vart skulde for sosialisme og sentralistisk styring. 

Og om det er ein ting som eg har lært som karriererettleiar i eit utal av menneskemøte, så er det å fjerne eit val ikkje ein effektiv måte å styre interesser og talent til den enkelte. 

Ventar politikarar som Frølich at ein person som er interessert i å skjøne korleis «kjønn, seksualitet og mangfald» påverkar vårt samfunn, plutseleg vel å studere økonomi og administrasjon og kjenner på at dette var det rette valet? 

Det får oss over på det neste punktet, nemleg at det mogelegvis ikkje er universiteta og studentane sin «feil» at denne kunnskapen ikkje vert sett på som samfunnsnyttig. Kanskje ein burde rette søkjelyset mot næringslivet og det offentlege tenesteapparatet? 

Om me tar dømet med «kjønn, seksualitet og mangfald» (som må vere det raudaste av klutane for høgresida) igjen. Dette er eit studium som skal hjelpe med å møte eit samfunn i konstant endring og som vert stadig meir komplekst. Me ser at fleire og fleire område i vårt samfunn har fokus på å bruke tverrfaglege tilnærmingar. 

I ny opplæringslov vart det til dømes veldig tydeleg. Ein ser på danning og utdanning som eit mykje større felt og eit vidare identitetsomgrep er ein viktig faktor for å sikre ein god skule og høg gjennomføring. Òg i helsesektoren og i arbeidsliv er individuelle skilnadar i samfunnet med på å greie ut helseforskjellar. Om det er kvinnehelse i arbeidslivet eller migrasjonshelse på ei fødeavdeling. 

Det er òg opp til arbeidslivet å vere nyfiken på ny kunnskap som kan bidrage til å løyse problem på nye og andre måtar. Dette har i all tid bidrage til vidareutvikling og nyskaping. 

Det siste punktet er at Frølich og dei andre som tek til ordet for at me må fokusere på «samfunnsrelevante» studium, openlyst har gløymt kva universiteta si rolle er i samfunnet. 

Universiteta er meir enn ei kvalifiseringsfabrikk. I alle hundreår har det vore universiteta si oppgåve å vere arena for dei viktige samfunnsdiskusjonane, ein stad for å møte meiningsmotstand og ikkje minst kunnskapsutvikling. Og denne kunnskapen må ikkje alltid vere direkte overførbar til den eine jobben. Han er grunnlag som ein kan bruke for å vidareutvikle vårt samfunn og skape innovasjon. 

I vår historie er det mange døme på «tilsynelatande fruktlos forsking» som seinare viste seg å vere avgjerande for mellom andre det digitale kvardagslivet som me har i dag. 

Likevel kan ein spørje seg om Frølich har eit poeng. Samfunnet har visse behov og det er fellesskapet sitt ansvar å fulle disse behova. Og det er han å takke at me har ein diskusjon, der fleire røyster kjem fram og der dei som har eit anna perspektiv enn Frølich må uttale seg og framme sine poeng. 

Det er meiningsutveksling og samfunnsutvikling i god gamaldags akademisk tradisjon. 

Eg vonar at dette òg fører fram til meir kunnskap hjå dei som berre sjå på akademia og utdanning gjennom næringslivs- og behovsbriller. Det er nemleg veldig fort gjort å ikkje sjå at det finst mange insentiv som bidreg til kva utdanning og kva yrke nokon vel. Tvang og latterleggjering er nok ikkje mellom dei. 

Den noverande regjeringa har nok jobba effektivt med desse andre insentiva, som til dømes arbeidsvilkår og verdsetjing (for berre å nemne to), som førte til at fleire har søkt seg inn i lektor- og sjukepleiarutdanning, heilt utan at desse andre «tullestudia» vert fjerna. 

Powered by Labrador CMS