akademisk fridom
Retten til å forske og undervise fritt er under press i Europa
Finland, Tyskland og Austerrike blant landa der den akademiske fridomen har gått tilbake, ifølgje ein ny rapport frå EU.
Situasjonen i Europa er generelt langt betre enn i andre verdsdelar, men også her er den akademiske fridomen under aukande press. Dette gjeld nesten alle medlemslanda i EU, ifølgje ei ny undersøking.
— Vi brukar ordet erosjon for å skildre utviklinga. Der er ein langsam erosjon av akademisk fridom i Europa, seier professor ved Universitetet i Oslo, Peter Maassen, til Khrono.
Maassen har leia studien, som er gjort på oppdrag for Europaparlamentet. Undersøkinga har blitt gjennomført årleg sidan 2022.
Ikkje berre Ungarn
Medan det etter kvart er godt kjent at vilkåra for forsking og utdanning i land som Ungarn og Polen er blitt vanskelegare, viser rapporten at den akademiske fridomen er blitt svekka også i fleire andre land.
I både Finland, Tyskland, Litauen og Portugal — i tillegg til Ungarn og Polen — har den akademiske fridomen blitt vesentleg svekka i løpet av perioden 2014-2024, ifølgje rapporten.
Dette er basert på data frå The Academic Freedom Index (AFI), som måler ulike indikatorar for akademisk fridom i 179 land og gjennomfører spørjeundersøkingar.
Maassen seier at bildet ikkje er eintydig, og at det er delvis uklart kva som ligg bak tala.
— Vi gjorde mange intervju i Litauen, men det er vanskeleg å heilt forstå grunnen til at ein har vurdert situasjonen for akademisk fridom såpass negativt der. Når det gjeld Finland handlar det mykje om kopling til tryggleik, endra finansiering og kontroll frå regjeringa, seier han.
I eit land som Belgia, som ligg svært høgt på fridomsindeksen, viser EU-studien at det samstundes er bekymring internt på institusjonane for den akademiske fridomen.
Kommersielle krefter
EU-rapporten framhevar direkte og indirekte politisk innblanding som ein vedvarande trussel mot den akademiske fridomen i Europa.
Særleg er retten til å forske og undervise fritt under press, i tillegg til at den institusjonelle råderetten blir utfordra.
Fleire faktorar er lista opp som grunnar til den negative utviklinga:
- Kutt i offentlege budsjett og nedprioritering av forsking og høgare utdanning, som igjen gjer institusjonane meir sårbare for kommersielle krefter
- I fleire EU-land fører intern strid og konflikt i akademia, ofte knytt til geopolitiske spørsmål, til forsøk på å stilne motstand og motstridande meiningar og idear.
- Politisk polarisering i EU-landa truar med å undergrave tilliten til akademia
- Respekten for akademisk fridom er under sterkt press i USA. Dette får følgjer for Europa
- Dei geopolitiske spenningane driv fram uheldig påverknad frå utanlandske aktørar. Handteringa av tryggleiksrisiko i forsking og utvikling kan ha påverka den akademiske fridomen negativt.
Om Orbán taper
Maassen åtvarar mot å tru at politisk endring i liberaldemokratisk retning nødvendigvis fører til styrka akademisk fridom.
— Skulle for eksempel opposisjonen vinne det komande valet i Ungarn, betyr ikkje det at ting endrar seg raskt eller utan vidare. Alle mekanismane som regjeringa til Victor Orbán har lagt inn av styring og finansiering er ei stor utfordring å snu på, seier han.
Generelt er det tydeleg at utviklinga utanfor Europa blir viktigare og viktigare for kva som hender i Europa.
— Det eine er utviklinga i USA, som er ein katastrofe for akademisk fridom. Vi har også eit eige kapittel om korleis Kina påverkar og legg press på den akademiske fridomen i Europa, seier Maassen.
Analysen i rapporten ser mellom anna på korleis samarbeid med universitet som har nære band til det kinesiske militæret, kan påverke akademisk fridom — og rollene til Konfutse-institutta og Chinese Scholarship Council.
Khrono fortalde i 2023 om korleis kinesiske ph.d.-studentar som var i Noreg med stipend frå Chinese Scholarship Council måtte signere kontraktar som forplikta dei til å følgje kommunistpartiets instruksar.
— Europa kan ta leiinga
For å kartlegge statusen til den akademiske fridomen i EU har studien undersøkt korleis det står til med fridomen til å forske, undervise og studere, i tillegg til å sjå nærare på vilkåra for ytringsfridomen i det akademiske rommet.
I tillegg ser studien på forholda for institusjonell råderett, eller autonomi, det akademiske sjølvstyret og arbeidsforhold og økonomiske vilkår.
Massen ønskjer ikkje at rapporten som no er lagt fram skal bidra til å svartmale situasjonen.
— Utfordringa for Europa er større enn før. Samstundes har vi no moglegheiter til å ta eit leiaransvar som vi veit USA ikkje kjem til å ta: ansvaret for fremje akademisk fridom i internasjonalt forskingssamarbeid saman med land som Australia, Canada og kanskje Japan og Sør-Korea.

Nylige artikler
– Det er tid for å satse målrettet på forskning
Trekker kunstig intelligens ut av fag etter studentreaksjoner
– Å avgrense er ikke å utelate
Dømt til 15 år i fengsel for å forske på konflikt
E-postadresse fra NTNU dukket opp i Epstein-dokumentene
Mest leste artikler
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Handelshøyskole beklager Epstein-kobling: — Vi er rystet
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre