Debatt ● Knut Steinar Engelsen
Den digitale gaukungen i lærarutdanningsreiret
Det har aldri vore kasta meir pengar ut av vindauga i utdanningssektoren enn i kjølvatnet av digitaliseringsstrategiar. Forslaget til ny rammeplan for lærarutdanningane fortset i same sporet.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
For tida sender Kunnskapsdepartementet ny rammeplan for lærarutdanningane i Norge ut på høyring. Mykje godt arbeid er gjort her, men om ein les dei nye underkapitla i samanheng så dukkar det plutseleg opp ein gaukunge i lærarutdanningsreiret.
Det ser ut for at det no blir foreslått å utvide lista for kjernekompetansar med omgrepet «Profesjonsfagleg digital kompetanse», på same nivå som t.d. fagleg og pedagogisk kompetanse. Eit slik innspel gir grunn til fagleg undring og uro. Det blir å dra rammeplanen baklengs inn i framtida.
Bak dette innspelet i rammeplanprosessen ligg nok eit dårleg skjult ønskje om fleire uproduktive strategiar om «digitalisering» i utdanninga og bortkasta pengar i kjølvatnet av desse.
Det er ingen fenomen i utdanningsdebatten i Norge som er og har vore meir «lobbyert» enn «Digital kompetanse», både frå kommersielle aktørar og ikkje minst frå faglege aktørar med eit tilnærma religiøst forhold til fenomenet, der saligheita alltid synest å ligge i ei digital flate.
Det har heller aldri vore kasta meir pengar ut av vindauga i utdanningssektoren enn i kjølvatnet av digitaliseringsstrategiar, frå 80-talet og fram til i dag.
Det er svært uklart om forslaga til underkapittel i rammeplanen er noko fagmiljøa aktivt har spelt i inn arbeidet med underkapitla, eller om det er noko som blir pressa inn gjennom aktiv fagleg, politisk og/eller kommersiell lobbyering.
Lukta av lobbyering blir endå stramare av følgjande formulering i underkapittelet for trinn 11-13: «Med bakgrunn i at det kom oppfordringer om at både hoveddelen og underkapitlene skulle inkludere en beskrivelse av profesjonsfaglig digital kompetanse, har dette blitt tatt med».
Meir påhalden penn enn dette går det vel ikkje an å ha i eit offentleg dokument?
Problemstillingar som dukkar opp i kjølvatnet av ny teknologi er absolutt aktuelle innslag i lærarutdanninga og i fleire kjernekompetansar. Det er i all utdanningsdebatt behov for å adressere dagens utfordringar knytt til fenomen som t.d. skjermbruk, personvern, sosiale medium, falsk informasjonsstraum, og ikkje minst KI.
Dette gir like mykje meining som å redusere skrivedugleik til «profesjonsfagleg blyantkompetanse».
Dette er viktige aspekt som naturleg høyrer inn under det som verkeleg er kjernekompetansar, som t.d. fagleg, didaktisk, mangfalds- og forskingsetisk kompetanse, og ikkje minst endrings- og utviklingskompetanse. I Fagleg råd for lærarutdanning sitt opphavlege forslag til hovuddel for rammeplanen blir det «digitale» ikkje sett på som ein kjernekompetanse i seg sjølv, men som aspekt integrert i ulike kjernekompetansar.
Å samle desse aspekta som ein sekkepost under omgrep som «(profesjonsfagleg) digital kompetanse», og foreslå dette som ein eigen kjernekompetanse, blir å devaluere og ta meining ut av omgrepet kjernekompetanse i kontekst av lærarutdanninga.
Slik meiningslaus omgrepsbruk burde vi vere ferdige med i 2026. Dette gir like mykje meining som å redusere skrivedugleik til «profesjonsfagleg blyantkompetanse».
Her snakkar vi om informasjonshandterings-kompetanse, ikkje digital kompetanse. Det er sjølve kompetanseområdet som er sentralt å kommunisere her, ikkje mediet.
Her bør ambisjonen vere å finne omgrep som både gir meining og som er handterlege. «Digital kompetanse» er ikkje eit slikt omgrep. Og det blir ikkje betre av å pynte huset med ei «vorte» ala «Profesjonsfagleg».
Eg blir sjeldan glad over skulepolitiske innspel frå våre rikspolitikarar. Dei er ofte populistisk orienterte, og teken ut av kontekst. Men for tida er det faktisk sunn fornuft å spore i rikspolitikken, både frå venstre og høgresida.
Vår kjære skulestatsråd har på ein prisverdig måte lenge kjempa for den viktige lesekompetansen til elevane, og ikkje minst i mot overdriven skjermbruk blant born og unge. Og hin dagen, i Dagsrevyen, kom den nye nestleiaren i Høgre, Ola Svenneby, med eit av dei mest fornuftige skulepolitiske innspela eg har høyrt på lenge: «Å bytte bort kjernekompetansen digitale ferdigheiter med konsentrasjon og evne til lese lange tekstar» (slik eg hugsar det han sa).
Politikarane inviterer oss på denne måten inn i ein meir framtidsrette diskusjon om kva kjernekompetansar vi bør dyrke framover, enn det arbeidet med ny rammeplan for lærarutdanninga for tida ser ut til å gjere, når det gjeld temaet eg drøftar her.
Det er både tankevekkande, og aldri så lite frustrerande for ein gamal lærarutdannar.
Forfattaren er tidlegare medlem i Faglig råd for lærerutdanning.
Nylige artikler
KI i utdanning: spørsmålene vi må ta på alvor
— Man har behov for en dyktig veileder som holder ut hele løpet
Forskning former fremtiden — fagskoler former fagfolk
Kraftig økning i fuskesaker hos de private
Fire nye forskningssentre får en halv milliard kroner
Mest leste artikler
Store deler av artikkelen var plagiat: — Ikke veldig alvorlig
Den kjente skoleforskeren John Hattie granskes for fusk
Mener UiO driver bevisst hemmelighold for å redde eget omdømme
Professor åtvarar mot ukultur som kan korrumpere universitetet
Disse forskerne leverer mest KI-generert tekst