Debatt ● Hella Veierud Busch, Lisbeth Pettersen Wærp og Mariann Solberg

Eit farleg forslag

Intensjonane i forslaget til ny felles rammeplan for lærarutdanninga er kanskje gode, men når lektorkrava forsvinn frå alle program risikerer vi å tape det mest grunnleggjande på vegen.

Nye lærerstudenter på Nesna, Nord universitet
Vi risikerer å miste både tittel, tradisjon og kvalitet — og det er som kjent vanskelegare å bygge opp igjen enn å ta vare på, skriv forfattarane.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Forslaget til ny felles rammeplan for lærar- og lektorutdanningane varslar ei meir overordna og fleksibel styring av sektoren. Intensjonane er kanskje gode, men for det som i dag heiter lektorutdanning 8—13 risikerer vi å tape det mest grunnleggjande på vegen. 

Når dei mest spesifikke kvalitetskjenneteikna ved lektorutdanninga — to undervisningsfag og tung fagleg fordjuping — ikkje lenger er forskriftsfesta, og når tittelen «lektor» fasast ut av programnamn, svekker det både kvaliteten i utdanninga, kvalitetssignala til arbeidslivet og nasjonal likeverd i utdanninga.

Kjernen i skiftet er enkel: Den føreslådde hovuddelen deler det noverande 8—13-området i det som kan sjå ut som to separate, integrerte utdanningsløp — Lærarutdanning for trinn 8—10 og Lærarutdanning for trinn 11—13 — og pålegg på same tid at alle program skal heite «Lærarutdanning for…». Omgrepet «lektor» forsvinn dermed frå alle programnamn. 

Samtidig er det nokre tversgåande krav som strammast til. Det skal vere minst 30 studiepoeng profesjonsretta pedagogikk, ei masteroppgåve på minimum 30 studiepoeng og auka praksisomfang til 105 heile arbeidsdagar for integrerte masterar. 

Underkapitla for 8—10 og 11—13 operasjonaliserer dette med trinnspesifikke presiseringar: Utdanninga for ungdomstrinnet skal ha fagdidaktikk som ein del av fagutdanninga (slik tradisjonen er for grunnskolelærarutdanninga) og ei praksis- og profesjonsorientert masteroppgåve, samtidig får 11—13 eit eksplisitt minstekrav om 30 studiepoeng fagdidaktikk og ei masteroppgåve med fagdidaktisk eller disiplinfagleg innretning. Her ligg det altså krav om fagdidaktikk inne, sjølv om kravet er ulikt for 8—10 og 11—13.

Kontrasten til gjeldande forskrift for lektorutdanninga er markant. Der er lektorutdanning for 8—13 definert ved to undervisningsfag og tung fordjuping: Fag I på minst 160 studiepoeng, fag II på minst 60 studiepoeng, profesjonsfag på minst 60 studiepoeng som inkluderer minst 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk, ei 60/40-fordeling mellom lågare og høgare grads nivå, og ei fagleg forankra masteroppgåve.

I det nye rammeverket blir desse profilmarkørane flytta ned frå forskriftsnivå til rettleiande retningsliner og lokale studieplanar. I underkapittelet til 8—10 er det ikkje eit eksplisitt omfangskrav til fagdidaktikk utover at «alle fag som tilsvarer et skolefag, skal omfatte fagdidaktikk». For 11—13 er eit minstekrav på 30 studiepoeng fagdidaktikk skrive inn, men ikkje noko krav om to undervisningsfag eller fordjupingsnivå i primærfaget. 

Da blir det opp til kvar institusjon å definere fagleg bredde og fordjuping for utdanninga. Viss ein ambisjon med denne prosessen er ei slags nasjonal likeverd, er dette eit svakt grep.

I forslaget til ny rammeplan blir felles kjernekompetansar løfta fram. Her ligg det ein tanke om at det er nokre kompetansar eller kompetanseområde som er felles for desse profesjonsutdanningane. Men breie kompetanseformuleringar kan ikkje tene som erstatning for dei standardiserte strukturkrava vi har i dag i lektorutdanninga. 

I det nye forslaget til felles del er fagleg kompetanse knapt gitt plass, og fagdidaktisk kompetanse er ikkje nemnt med eit ord. På dei høgaste trinna i grunnopplæringa er det heilt nødvendig at læraren har djup disiplinfagleg og fagdidaktisk innsikt. Viss dette ikkje lenger blir sikra av forskrifta, risikerer vi ei gradvis nedbygging av utdanninga gjennom lokale tilpassingar og økonomiske realitetar — kanskje ikkje av vond vilje, men av praktiske omsyn og ressursmangel.

I forslaget som no er lagt fram, kan underkapittelet for praktiske og estetiske fag tene som eit døme på at det er mogleg med meir regulering. Der er både fag og nivå presisert. Kvifor er slik regulering fråverande for 11—13 (og 8—10) — der fagleg fordjuping har vore sjølve kjenneteiknet på utdanninga?

Det er fullt mogleg å kombinere fleksibilitet og kvalitetssikring. Hovuddelen kan gi overbygninga, men forskriftsnivået må også ta vare på dei mest sentrale profilmarkørane. For både 8—10 og 11—13 bør forskrifta angi at kandidatane skal ha to undervisningsfag, med eit tydeleg definert omfang. Slike rammer utelukkar ikkje lokal profilering, dei set berre ein felles botnplanke ein kan stole på.

Viss ein fjernar tittelen «lektor», må ein i det minste verne om standarden. Å overlate dei mest kritiske profilmarkørane til retningsliner og lokale studieplanar er å gamble med kvalitet og ein farleg veg å gå. Dei sentrale lektorkrava må inn på forskriftsnivå. 

Viss ikkje, risikerer vi å miste både tittel, tradisjon og kvalitet — og det er som kjent vanskelegare å bygge opp igjen enn å ta vare på.

Powered by Labrador CMS