Debatt ● Bodil moss

Fagessayet: Ei KI-sikker eksamens­form?

Essayet tvingar studentane til å ta både handverket og kreativiteten tilbake, meiner Bodil Moss ved Høgskulen på Vestlandet.

Bodil Moss, førstebibliotekar Høgskulen på Vestlandet
Førstebibliotekar Bodil Moss ved Høgskulen på Vestlandet slår eit slag for fagessayet som eksamensform.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Heimeeksamen er i fare, seier dei.

Kvifor?

Fordi det er håplaust å kontrollere at studentane har gjort skrivearbeidet sjølve eller om dei har fått kunstig intelligens til å gjere det for seg. Alternativet dei peikar på, er skriftlege skuleeksamenar og/eller munnleg eksamen. 

Det finst innvendingar mot begge eksamensformene. 

Det er stor forskjell på å formulere seg munnleg og skriftleg. Korleis klarar du å formidle fagstoffet du har tileigna deg gjennom tre år, særleg når det skal skje i ein så stressa situasjon som ein munnleg eksamen gjerne er? 

Sjølv får eg jernteppe og mistar munn og mæle når eg blir spurt på direkten. Dette trass at eg kan det eg blir spurt om. Om eg derimot får tid til å førebu meg, kan eg bruke tid til å tenkje meg om, flikke, redigere og formulere meg om, skriftleg.

Det kan ikkje berre vere eg som har det slik. Sjølvsagt er det nokon som har det stikk motsett. Som hatar å skrive, men som glitrar når dei får uttale seg munnleg, uansett stressituasjon. 

Skriftleg skuleeksamen er jo òg relativt tilfeldig, sjølv for den skriveglade. Det er framleis ein kunstig situasjon som avheng av dagsforma; kva får du i oppgåve, kor lang tid bruker du?

Vi må difor prøve, så godt vi kan, å legge til rette for at flest mogleg skal få vist kva dei kan. 

Eg har ei løysing: la studentane skrive fagessay! 

Fleire av dei praksisnære utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) gir studentane moglegheit til å skrive fagessay som bacheloroppgåve. Eit fagessay i praksisnære utdanningar er normalt ein refleksjon med utgangspunkt i ei historie som gjerne er henta frå praksiserfaringa deira. 

I ein slik tekst skal studentane trekke inn relevant teori og annan faglitteratur for å belyse og løfte akkurat denne historia opp på eit generelt plan som kan tilføre ny innsikt på fagområdet. 

KI produserer upersonleg og allmenngyldig tekst med oppramsing i punktlister, og vil dermed slite med å skrive ein personleg tekst med refleksjon over eit enkelttilfelle.

Studentane skal vise fagkunnskapen sin gjennom å reflektere teoretisk og erfaringsbasert, ved å gå att og fram mellom opningshistoria og teorien.

Denne typen tekst med refleksjonar kring ei sjølvopplevd handling gjennom bruk av teori, trur eg blir vanskeleg å få til for ein chatbot, og dette er ikkje ei oppmoding om å teste og poste KI-genererte essay i kommentarfeltet. 

Ein avgjerande grunn til at KI ikkje kan skrive (gode) essay, er at essayet alltid er ein refleksjon over eit konkret tilfelle, ei enkelterfaring. Det finst dessutan ingen fast mal for korleis eit fagessay kan sjå ut, det er kanskje nettopp det som gjer det krevjande for nokon, men spennande for andre. 

KI produserer upersonleg og allmenngyldig tekst med oppramsing i punktlister, og vil dermed slite med å skrive ein personleg tekst med refleksjon over eit enkelttilfelle.

Dette er ikkje eit hatskriv mot KI. 

Det er (sikkert) mykje KI kan brukast til. Eg kjenner til kreative lærarar som i eksamensoppgåver ber studentar om å prøve å avsløre kva KI ikkje kan få til. Og sjølvsagt kan det gjere kjedelege ting for deg, der det ikkje handlar om å lære noko, som å skrive handlelister eller referat du ikkje treng å hugse. Men dette handlar om å skrive seg til innsikt. 

No er det på tide å hugse på det Anders Johansen har forsøkt å fortelje oss: at det er sjølve skrivinga som gir læring. Skriving er både ein kunst og eit handverk, og som i alle andre former for handverk treng ein å øve seg for å bli god. 

Vi les og noterer, vi skriv og vi skriv om igjen, vi jobbar inne i dette gamle handverket, og det er denne prosessen som gjer at vi lærer oss eit fag. Og vi lærer oss våre fag like sakte som vi skriv med blyant. 

Å skrive er til sjuande og sist den beste vegen til læring, innsikt og forståing. Læringsprosessen blir fullstendig borte viss vi ber ein chatbot gjere jobben for oss. Då er det som å få sendt skrivearbeidet i posten, og dermed også fagbrevet eller bachelorgraden.

Mange studentar har gjort seg avhengige av KI, dei seier at dei kan sjå at teksten som blir generert ikkje er god, men dei klarar ikkje å gjere noko med det. Dei stolar ikkje på at dei kan klare jobben betre sjølve. 

Kan vi hjelpe dei til å stole meir på seg sjølve?

Ei ekstra utfordring her er at det er lærarar som oppmodar (svakare) studentar til å bruke meir KI i skrivearbeidet, for at dei skal kunne henge med, det vil gjerne seie å stå på eksamen medan dei er studentar, eller å hevde seg i hard konkurranse når dei kjem ut i arbeidslivet. 

Når lærarane i sin tur skal rette desse KI-genererte skrivearbeida ved hjelp av KI, får vi ikkje noko anna enn to datamaskiner som «snakkar» med kvarandre. 

Og kven har dermed lært noko? Ingen! 

Kvifor skal vi då ha utdanningsinstitusjonar? 

Grunnen til at vi treng utdanningsinstitusjonar, er at det er her vi må møtast, snakke, skrive og rettleie kvarandre, for å tileigne oss kunnskap.

På HVL har vi i seinare tid sett at studieprogram til og med har kutta ut essayet fordi den personlege forteljinga frå praksis kan ha kome i konflikt med personvernomsyn.

Men å avskaffe ei god og framsynt eksamensform på grunn av manglande innføring i grunnleggande handverk (eller kanskje berre ein enkeltglipp), er latskap. 

Og ikkje minst er det feil løysing i den tida vi no er inne i. 

Litteraturstudiar, som då er einaste alternativet studenten kan skrive, innbyr lett til å outsource det akademiske arbeidet til maskiner, medan essayet tvingar studentane til å ta både handverket og kreativiteten tilbake.

I tillegg må lærarar kunne rettleie studenten som skal skrive fagessay, men her har eg òg løysinga: Ved HVL arrangerer vi essaykurs, der vi frå ulike faglege ståstader ser på kva eit fagessay er og kan vere. 

Og ikkje berre det, vi oppmodar deltakarane til å skrive eigne essay som dei rettleiar kvarandre på, og som nokon til og med publiserer.

Slik kan dei bli tryggare i sjangeren og hjelpe og inspirere studenten til å skrive KI-frie fagessay om eigne faglege erfaringar.

Powered by Labrador CMS