akademisk fridom
Fryktar sensur og politisk kontroll med ny ordning frå Forskingsrådet
Forskningsrådet vil ha meir effektiv søknadsbehandling. Det kan strupe akademisk fridom og setje internasjonale kollegaer i fare, meiner norske forskarar.
Ei endring i Forskingsrådets krav til samarbeidsprosjekt med internasjonale partnarar kan få dramatiske konsekvensar, ifølgje norske forskarar som har samarbeid med forskarar i autoritære land.
— Det kan verke ryddig og logisk, men vi er redde for at dette er lite gjennomtenkt, seier seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI), Mari Norbakk.
Tidlegare har krava til godkjenning frå samarbeidspartnarane i andre land variert alt etter kva utlysing det har vore tale om. I dei tilfella der kravet har vore institusjonell godkjenning, har det dreidd seg om eit intensjonsbrev. Som ledd i innføring av eit nytt saksbehandlingssystemet varslar Forskingsrådet at dei endrar praksis.
No må ein særskilt utnemnd og «obligatorisk» representant i institusjonen der samarbeidande forskarar arbeider godkjenne heile prosjektet i det digitale systemet.
— I land med autoritære regime der universitetsadministrasjonen blir overvaka eller leiarane er politisk utnemnde kan godkjenninga raskt bli eit politisk, og ikkje fagleg, spørsmål, seier Norbakk.
SJÅ SVARET FRÅ FORSKINGSRÅDET LENGER NEDE I SAKA
Risikabelt
I ein kronikk i Khrono åtvarar ho og kollega Liv Tønnessen mot den nye ordninga. Begge har hatt fleire samarbeid med forskarar i mellom anna Sudan, USA, og Uganda.
Dei forskar begge på tema som kjønn, reproduktiv helse og migrasjon, tema som i enkelte land er ulovlege å forske på. Ei institusjonell godkjenning, slik Forskingsrådet legg opp til, er dermed ikkje ein formalitet, men kan i praksis innebere sensur, meiner dei.
«Når en institusjonell representant må inn og godkjenne en søknad om forskning på sensitive felt, risikerer vi at universitetsledelsen krever innsyn i sensitive forskningsspørsmål, og at forskere ikke tør delta i prosjekter som berører for eksempel abort, skeives rettigheter, islam i europeisk kontekst, korrupsjon eller Israel-Palestina-konflikten», skriv CMI-forskarane.
Dei oppfattar dei nye krava frå Forskingsrådet slik at dei inneber ei standardisering av formell, institusjonell godkjenning av heile søknaden med fagleg innhald. Det meiner dei er risikabelt.
— Det kan redusere handlingsrommet forskarar og forskargrupper i autoritære statar har til å delta og gjennomføre forsking på sensitive emne saman med norske partnarar, seier Norbakk.
Ho viser som eksempel til at homofili er forbode og straffbart i mange land dei jobbar i. Forskarane har likevel klart å manøvrere dialogen på ein måte som har sikra både formell godkjenning og tryggleiken til dei involverte i forsking på skeive rettar i desse landa.
— Fare for enkeltpersonar
I gitte tilfelle vil kontrollen dei nye prosedyrane medfører kunne setje enkeltpersonar i fare, meiner Liv Tønnessen, som er statsvitar og arbeider med kjønn og politikk i Afrika og Midt-Austen.
— Dette handlar ikkje berre om finansiering, men også om tryggleik, seier ho.
— Vi er veldig glade for at Forskingsrådet vil legge vekt på likeverdige partnarskap, og ser behovet for å ha oversyn med korleis partnarar faktisk er involvert. Men i autoritære statar må ein manøvrere på ein måte som ikkje set den faglege eller personlege fridomen i fare.
Dei to CMI-forskarane meiner praksisen Forskingsrådet vil innføre kan stikke kjeppar i hjulet for forskingssamarbeid med ei rekke land der den akademiske fridomen står svakt eller er utfordra.
Eitt døme er Kina, der universiteta er under direkte kontroll frå Kommunistpartiet.
— Det er eit paradoks at PST vil at vi som forskarar skal reise til Kina med tomme PC-ar og telefonar som må kastast etter retur, medan Forskingsrådet gir totrinnsautoriserte tilgangar til Forskingsrådets søknadssystem, seier Tønnessen.
Ho peikar også på endringane som har skjedd i USA, og at institusjonell kontroll kan bli eit problem også der.
—Dette gjeld ikkje berre tema som kjønn og migrasjon, men også det som tilsynelatande er upolitisk. I dagens situasjon er det lett å sjå for seg at for eksempel arbeid med ein teknisk modell i klimaforskinga ikkje ville blitt godkjent i USA, seier Tønnessen.
Forskningsrådet: Skal ta omsyn
Ifølgje Forskingsrådet skal endringane dei innfører gjere søknadsbehandlinga meir effektiv.
I tillegg er målet å skaffe betre innsikt analyse av data og sørge for «økt informasjonssikkerhet og personvern». Innføringa av det nye systemet skal skje gradvis gjennom 2026 i takt med utlysingane som kjem utover våren.
Khrono har tatt kontakt med Forskingsrådet og bede om kommentar til kritikken frå CMI-forskarane. I ein e-post skriv områdedirektør for Investering, rådgivning og dialog, Jesper Werdelin Simonsen:
«Forskningsrådet skal ikke under noen omstendigheter ha et system som risikere å sette sikkerheten til forskere i andre land i fare. Det er spesielt viktig innenfor forskning som kan ha følsomt innhold. Nettopp slikt samarbeid er viktig å opprettholde og vesentlig for å ivareta akademisk frihet. Dette har Forskningsrådet stor oppmerksomhet på, og vil ta høyde for i det nye systemet».
Ingen i Forskingsrådet har hatt anledning til å stille til intervju i Khrono.
I e-posten står det også at det nye systemet «er en forenkling, som gir bedre kontroll og kontaktmuligheter med organisasjoner som samarbeider i prosjektet».

Nylige artikler
Fryktar sensur og politisk kontroll med ny ordning frå Forskingsrådet
Hva betyr Forskningsrådets nye godkjenningskrav for norsk akademisk frihet?
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat
— Studentene lurer på hvorfor de skal lese i det hele tatt
Administrasjonen, sett fra innsiden i et ph.d.-liv
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv