Debatt ● Gunvor Sofia Almlie

Heime åleine-fest

Det er spanande å jobbe med bruk av språkmodellar til skriveundervisning, men etter å ha brukt ChatGPT i tre år vil eg framleis påstå at det er litt kaotisk.

Det verkar litt som om studentane har heime åleine-fest med KI medan vi vaksne leiter oss fram til ein KI-bruk som fører til god læring, skriv forfattaren.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg har stor respekt for dei studentane som seier at dei ikkje ønsker å bruke KI til skriving. Det er ikkje så mange av dei i mine rekker. 

Stemmene rundt oss seier at vi må lære å bruke KI fordi vi elles kjem til å ligge bak i konkurransen om jobbane. Den som er mest effektiv og greier å tilpasse seg nye verktøy blir meir attraktiv i arbeidsmarknaden. Det er ikkje sikkert at det er slik, men sidan vi trur på det, tør dei færraste å motstå. 

Universiteta har også tenkt slik. Vi slenger rundt oss med påstandar som: KI skal kome inn i alle fag. Vi skal vere gode på KI. Bruke KI til vurdering …

Eg er litt lei av desse påstandane. Eg ønsker at vi snart byrjar å nyansere litt: Kvar høver det seg å bruke KI, og korleis skal vi bruke det der det høver seg? Kvar høver det seg ikkje å bruke KI, og kvifor ikkje? Det er innanfor temaet ansvarleg bruk av KI for læring dette er spesielt gjeldande.

Mine 370 studentar har fått bruke KI til akademisk skriving. Skrivepedagogisk er det ikkje ei draumereise. 

Jo, eg trur at det er greitt at teknologistudentar får leike seg med teknologien. Det skulle i grunn berre mangle. Eg har for sikkerheits skuld bede dei om å dokumentere godt og reflektere over eigen KI bruk for læring. 

Samtidig ser eg at eg har servert godteriskåla før brokkolien, og dei har forsynt seg godt. Av godteriskåla. 

Eg har halde på med dette sidan ChatGPT kom i 2022, og eg lærer sjølvsagt framleis. Eg har lært korleis teknologien fungerer, og korleis studentane bruker den. Det er lett.

Den store jobben gjenstår. Det er å flette saman min fagdidaktikk med nyttig bruk av KI verktøy for god læring. Den jobben er vanskeleg, tidkrevjande og einsam.

Det er ikkje så mange å spørje, og det er ikkje særleg mykje tid på arbeidsplanen til å gjere det. Det er ikkje så rart at mange tilsette vegrer seg.

Medan studentane hyppig og heilt naturleg bruker KI til oppgåveløysing, heng dei som lager og retter oppgåvene bakpå i KI bruk. 

Grunnen er at KI er lett å spørje når du vil ha svar, men tyngre å be når du treng eit godt fagpedagogisk opplegg. ‘Learning mode’ i språkmodellane er vel og greitt, men dei som underviser eit fag, må setje seg inn i eit heilt nytt verktøy for læring samtidig som dei må vurdere korleis bruken av verktøyet kan gje god læringseffekt for studentane. 

Medan vi ligg bak studentane i bruk av KI, driv studentane og lærer seg feil strategiar for KI bruk og læring. 

Dei konstruktive og gode måtane å bruke KI på må vi stå for, og det krev at vi kan litt, både om fagdidaktikk og om pedagogisk bruk av KI. Det er her skoen trykker for universiteta. 

Det er spanande å jobbe med bruk av språkmodellar til skriveundervisning, men etter tre år vil eg framleis påstå at det er litt kaotisk. Det verkar litt som om studentane har heime åleine-fest med KI medan vi vaksne leiter oss fram til ein KI-bruk som fører til god læring.

Powered by Labrador CMS