Debatt ● Norsk konsortium for høgare utdanning i Palestina
Kva gjer norsk akademia for Palestina?
I Gaza er det ingen institusjonar igjen. Likevel held fagmiljøa delar av verksemda i live. Vi vil rette innsatsen mot dei områda der behova er størst.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Høgare utdanning i Palestina er jamna med jorda etter omfattande øydeleggingar. Studentar har fått studia sine avbrotne, forskingsmiljø er svekte, og undervisningstilbod er reduserte. Når kunnskapssystem i Gaza kollapsar, rammar det ikkje berre dagens akademia i Palestina, men òg deira evne til å utvikle kunnskap.
Palestinske universitet og høgskular har over lang tid stått i svært krevjande forhold der ordinær undervisingsverksemd er vanskeleg eller umogleg å gjennomføre. I Gaza er det ingen institusjonar igjen. Likevel held fagmiljøa delar av verksemda i live, ofte ved hjelp av digitale undervisningsopplegg.
Her kan norsk akademia spele ei tydeleg og fagleg forankra rolle, og bidraget vårt er fyrst og fremst knytt til kjerneoppgåvene våre.
Utgangspunktet er ikkje tradisjonell bistand, men samarbeid bygd på akademiske prinsipp og faglege behov. Det er nettopp her norsk akademia kan få størst påverknad for å bidra til å gjenoppbygge palestinsk høgare utdanning.
Når tiltak blir utvikla saman med palestinske partnarar, kan innsatsen rettast mot dei områda der behova er størst.
Mange fagmiljø i Noreg har relevant kompetanse innan helse, lærarutdanning, teknologi og psykososial oppfølging, som kan vere store samarbeidsfelt med palestinske fagmiljø. Digitale læringsplattformer, felles forskingsprosjekt, og samundervising er tiltak vi nytta godt under koronapandemien, og noko våre fagfolk er rusta til å nytte i samarbeid med det palestinske fagmiljøet.
Slike samarbeid kan gje palestinske studentar tilgang til faglege fellesskap når dei ikkje har fysiske campus å huse til.
For forskarar og stipendiatar kan dei faglege fellesskapa gje tilgang til mellom anna publiseringskanalar og nettverk som er naudsynte å halde oppe den faglege aktiviteten.
Desse samarbeida har òg verdi for norske institusjonar. Det gir studentar og tilsette erfaring med internasjonalt samarbeid, utviklar undervisingsformer og styrkjer forskingsnettverk på tvers av land. Det gir òg betre forståing av korleis akademia kan fungere i krisetider.
Gjennom undervising, utdanning og forsking kan ein støtte studentar og forskarar i å halde oppe aktivitet. Digitale emne, delte kursopplegg og bidrag frå norske fagfolk kan gjere det mogleg for studentar å halde fram med studia. I tillegg kan mobilitetsordningar og mellombelse opphald i Noreg gje studentar og forskarar rom til å fortsetje studie- og forskingsverksemd.
Å støtte palestinsk høgare utdanning handlar i praksis om å sikre at studentar og forskarar kan fortsetje å vidareutvikle kunnskapen for framtida.
20 norske utdannings- og forskingsinstitusjonar samarbeider gjennom Norsk konsortium for høgare utdanning i Palestina (NorPal), og vi ynskjer å bidra. Vi utfordrar difor norske myndigheiter til å setje i gang målretta program for samarbeid og gjenoppbygging av palestinsk høgare utdanning og forsking.
Vårt bidrag er å mobilisere og koordinere ressursar for å støtte og gjenoppbygge palestinsk høgare utdanning og forsking. Dette bidraget startar 26. februar med ein workshop for alle deltakarane i konsortiet, der pågåande og nye initiativ kan delast og utviklast.
Saman kan vi gjere litt, men vi kan gjere mykje meir med ein tydeleg, nasjonal innsats.
Underteikna av arbeidsutvalet i Norsk konsortium for høgare utdanning i Palestina:
Monica Rolfsen, styreleiar, prorektor for samfunnsansvar og formidling, NTNU
Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling, OsloMet
Per-Ludvik Kjendlie, dekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap, USN
Julia Holte Sempler, leiar for Avdeling for forsking, utdanning og formidling og nestleiar for administrasjonsdirektør, UiT
Oscar dos Santos Hellberg-Kvalsvik, Internasjonalt ansvarleg, Norsk studentorganisasjon
Nylige artikler
Kva gjer norsk akademia for Palestina?
Nesten 600 tvilsmeldinger om studenter som kan være uskikket
Slik lever feilaktig forskning videre. Diskrediterte studier sitert mange tusen ganger
Han kjørte trailer i mange år. Så gikk veien til NTNU
Fagessayet: Ei KI-sikker eksamensform?
Mest leste artikler
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre