akademisk fridom
Trump sensurerer forskinga hennar. Noreg berga stipendet
Professor Supriya Baily hadde Fulbright-stipendet klart, heilt til Donald Trump tok over presidentembetet.
— Eg er djupt takknemleg for at eg har fått kome. Det er det norske Fulbright-kontoret og den norske regjeringa si forteneste, seier Supriya Baily til Khrono, på telefon frå Vesterålen, der ho har nokre arbeidsdagar åleine i eit lånt hus.
I tre månader skal ho vere i Noreg, som Universitetet i Søraust-Noregs første Fulbright-stipendiat. Baily har vore her fleire gonger før, og det meste var klart for eit nytt opphald.
Men det var før Donald Trump vart vald til president i USA.
— Djupt skakande
Då vart heile Fulbright-systemet sett på pause.
Utanriksminister Marco Rubio sette i gang ein politisk gjennomgang av søkarane — etter at Fulbright-styra hadde gått gjennom søknadene og valt ut stipendiatane på grunnlag av fagleg kvalitet.
Forskarar som hadde prosjekt som handla om klima og mangfald, vart raskt luka ut.
Som Khrono tidlegare har skrive, førte dette til at 40 prosent av dei amerikanske forskarane som var valt ut til å kome til Noreg i løpet av universitetsåret 2025 og 2026, fekk avslag.
— Den akademiske fridomen i USA er under angrep. Vitskapen blir sett til side, og løyvingane stadig stramma inn. Eg forskar på komparativ og internasjonal utdanning, og arbeidet mitt er blitt forma av internasjonal bistand og blitt støtta av USAID. Som forskar har eg også vore kritisk til desse institusjonane i USA. Men for kollegaer og studentar som arbeider innan desse felta er det djupt skakande å oppleve at det globale engasjementet og støtta forsvinn over natta, seier Baily.
Ho er derfor oppteken av at norske forskarar og institusjonar ikkje skal kutte samarbeidet med amerikanske kollegaer.
— Tvert om, samarbeid og kontakt med internasjonale kollegaer er avgjerande for oss i denne situasjonen.
Baily er utdanningsforskar og jobbar med tema som sosial rettferd, marginalisering av kvinner og utdanningspolitikk — alle tema som står på Trump-administrasjonens «svarteliste». Ho har også gitt ut fleire bøker, blant dei Bangalore Girls frå 2024, og har vore involvert i internasjonalt arbeid for likestilling og utdanningsutvikling.
Dette arbeidet begynte allereie då ho var tenåring i India og engasjerte seg i lokalsamfunn i Bangalore.
I dag er ho professor i pedagogikk og assisterande dekan ved Carter School, George Mason University i Fairfax, Virginia.
Seks frå USA til Noreg
Åtaket frå Trump og Rubio mot Fulbrightprogrammet, sjølve flaggskipet for USAs forskings- og utdanningsutveksling, førte til at alle dei 12 medlemmene i det internasjonale Fulbright-styret trekte seg i fjor sommar.
— Ansvaret for dette ligg berre ein stad — og den staden heiter The Oval Office, uttalte Fulbright Noregs direktør, Curt Rice, til Khrono.
Han åtvara om total kollaps for Fulbrightprogrammet. Samstundes var arbeidet med å finne alternative løysingar i gang. Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland gjorde det klart at regjeringa ville ta rekninga om det norske Fulbright-kontoret fann ordningar som kunne få forskarane til Noreg.
Dermed fekk Supriya Baily ein dag eit brev frå det norske Fulbright-kontoret i Oslo.
Ho er ein av sju forskarar frå USA som skulle til Noreg og vart stansa av Trump-administrasjonen. Alle fekk tilbod om alternativ finansiering frå Noreg. Seks takka ja.
— Vi gir oss ikkje
No er Baily for lengst på plass som del av kollegiet ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag (IKRS) ved USNs campus Drammen.
Medan ho er i Noreg skal ho studere korleis lærarar tar vare på idealismen i tider med global uro. Ho undersøker korleis dei som utdannar lærarar, handterer apati, motstand, entusiasme og idealisme når dei skal førebu lærarar til å undervise i demokrati og samfunnskunnskap.
Heime i USA er dette eit prekært tema.
— Det er faktisk slik at vi nøler med å råde studentane til å studere visse fagfelt, rett og slett fordi det ser ut til at desse faga ikkje har ei framtid i USA. Vi vil jo ikkje at det skal slå tilbake på studentane, at dei skal bli straffa for å fordjupe seg i tema som for eksempel klima eller likeverd, seier Baily.
Åtaka på høgare utdanning har sådd frykt. Men Baily seier ho sjølv ikkje er redd.
— Situasjonen er alvorleg, og den akademiske fridomen ser ut til å bli innskrenka. Men eigentleg veit eg ikkje kva eg skulle vere redd for. Eg gjer ikkje noko ulovleg, eg seier eller skriv ikkje noko som skadar andre.
Men nettopp fordi situasjonen er som han er, ser Baily på sjansen ho har fått til å kome til Noreg akkurat no som særleg verdifull.
— Vi gir oss ikkje, vi held fram med det arbeidet vi meiner er viktig. Difor er dette heller ikkje tidspunktet for å kutte kontakten. Vi jobbar i eit stadig meir krevjande miljø, og det å ha forskarkollegaer som står saman med oss no, er svært viktig.

Nylige artikler
Vi må ta tak i realitetene i lærings- og vurderingsformene i høyere utdanning
Hull i oversikt over forskning på samfunnssikkerhet og beredskap
Surfekameratene deler kontor: — Heldigvis vanner Børre plantene
Trump sensurerer forskinga hennar. Noreg berga stipendet
Disputerte som 49-åring: Følte meg tidvis som ungjente på ukjent grunn
Mest leste artikler
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke
Professor mot professor på NHH. Leverte varsel etter debatt om skatt