khrono 10 år

Har debattert seg gjennom året: — Ein suksess

Ein del av Khrono sitt 10-årsjubileum var å arrangera debattar saman med universitet og høgskular. Det vart totalt 14 arrangement i løpet av 2023.

Panesamtale Litteraturhuset i Fredrikstad, Høgskolen i Østfold: f.v. Helene Ingierd, Leonora Bergsjø, Camilla Gjellebæk og Khronos redaktør Tove Lie. Tatt foran en bokhylle, stående ved høye runde bord.
Godt oppmøte i Fredrikstad då Khrono og Høgskolen i Østfold arrangerte panelsamtale om forskningsetikk. Frå venstre Helene Ingierd, Leonora Bergsjø, Camilla Gjellebæk og Khronos redaktør Tove Lie.

— Målet har vore ein aktuell, nasjonal debatt som skulle verta arrangert lokalt. Og det har det vorte, seier Khrono-redaktør Tove Lie.

Gjennom året som snart er omme har avisa arrangert totalt 12 debattar i samarbeid med universitet og høgskular. Dette var ein del av Khrono sitt 10-årsjubileum, som vart markert med fest både i Oslo og i Bergen i vår.

— Khrono sitt slagord er «Ny innsikt. Hver dag». Det får ein mellom anna til via dialog og diskusjon. Ved å bruke ytringsrommet som finst, og ved å laga nye ytringsrom, sa Lie før den første debatten i februar.

Lærarutdanning og digitalisering

Korleis kan ein få fleire unge til å velja sjukepleieutdanning på campus var blant tema i Haugesund.

Eit viktig poeng med debattane var at dei skulle verta strøyma, slik at ein nådde ut til fleire enn dei som var på den aktuelle campusen. Det har vorte arrangert frukostmøte, lunsjmøte og kveldsmøte.

— Det har vore ei veldig fin markering, seier redaktøren.

— Me har besøkt ei rekkje campusar og møtt mange engasjerte menneske.

For å ta ein liten gjennomgang:

Den første debatten vart arrangert i Bodø, saman med Nord universitet og Lytring, i februar. «Sex-tegning i undervisningen førte til klage fra student», var tittelen på førehandssaka. Tema var den uønskte kunnskapen.

I mars var det debatt saman med Universitetet i Stavanger. Temaet viste seg å verta endå viktigare gjennom året enn ein kanskje tenkte i mars, med mellom anna KI-milliard og Chat GPT-fusk på eksamen: Er me for naive i møte med digitalisering? Ja, sa UiS-professor Helle Sjøvaag.

I mars var det òg debatt saman med Høgskolen i Innlandet. Her vart òg temaet viktig gjennom året: Søkjartala — og møtt-tala — til både barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanning var svært dårlege i år. 

Korleis kan ein få rekruttert og utdanna dei gode lærarane, var spørsmålet.

— Dei potensielle søkjarane har jo vore tett på lærarar i 13 år, så det er klart at dei har med seg eigne røynsler med lærarar og eigne opplevingar i skulen, og det kan jo trekka begge vegar, sa dekan Morten Ørbeck

Korleis sikra at ein utdannar dei næringslivet treng? Debatt på Universitetet i Sørøst-Noregs campus i Porsgrunn med representantar frå både næringsliv og akademia. Frå venstre Khrono-journalist Tor Arne Fanghol, Elisabet Syverud, Jens Christian Thysted, Børre T. Jacobsen, Petter Aasen og Sverre Gotaas.

 Samfunnsutfordringar og rekruttering

Våren kom med debatt saman med Universitetet i Søraust-Noreg om samarbeid med næringsliv, og i juni var det debatt om norsk fagspråk ved Høgskulen i Volda. Under Arendalsuka i august stod Khrono og Universitetet i Bergen bak kunnskapspolitisk toppmøte.

Ein suksess, seier redaktør Lie om dei mange debattane.

— Khrono vart opphavleg etablert nettopp for å skapa debatt, og det er noko me skal halda fram med. I år har me fått snakka om, diskutert og sett søkjelys på mange viktige spørsmål. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt.

Utover hausten kom debattane tett: Korleis sikra god nok rettleiing for stipendiatane, var temaet for eit fullsett Litteraturhus i Fredrikstad. Debatten vart arrangert saman med Høgskolen i Østfold.

— Eg tilrår ingen å verta stipendiat, var førsteamanuensis Leonora Bergsjø si klåre melding.

Saman med Universitetet i Agder arrangerte Khrono debatt om kva som er nok distrikt, og i oktober var det debatt hos NMBU i Ås. Tema: missions, eller målretta samfunnsutfordringar, som er det norske omgrepet.

I Haugesund, saman med Høgskulen på Vestlandet, var det eit anna mykje omtala Khrono-tema på dagsorden: Sjukepleiarutdanning. For medan søkjartala til ordinær sjukepleiarutdanning går ned, er det mange som ønskjer å kunne ta utdanning der dei bur.

— Me likar å kalla dei pluss-studentar! For dette er studentar som aldri hadde reist til campus for å ta utdanning, sa Hilde Strømme, leiar i Lister Kompetanse, om deira studentgruppe.

Debattleiar Tove Lie og panelet Sunniva Whittaker, Lise Selnes (Ap) og Svein Stølen.

Korleis har det gått ved UiT?

For om lag tre år sidan var det spetakkel både ved Universitetet i Bergen (UiB) og UiT Noregs arktiske universitet (UiT). Ved UiB handla saka om dåverande rektor Dag Rune Olsen og hans samarbeid med forretningsmann Tom Knudsen om å laga ein praksisportal. Ved UiT fordi dåverande rektor, Anne Husebekk, hadde den avgjerande røysta då universitetsstyret vedtok å gå over frå vald til tilsett rektor. Og rektoren som vart tilsett, det var Dag Rune Olsen.

Korleis har det faktisk gått ved Noregs nordlegaste universitet?

I haust vart det igjen bråk, då styret vedtok at dei ikkje lenger skal strøyma styremøte.

— Eg synest ikkje det er ein opplesen rett at alle skal vera til stades i styremøta til ei kvar tid, sa styreleiar Marianne Johnsen då Tove Lie intervjua henne og rektor Olsen før debattmøtet i Tromsø.

— Universitetet er prega av eit demokratisk tomrom, skreiv Turid Moldenæs og Hilde M. Pettersen i etterkant av det godt besøkte arrangementet.

Samtale mellom Tove Lie og Dag Rune Olsen i Tromsø.

Vart det pengar til nytt bygg?

Den til no siste debatten handla om kunstfaga. Leiarar frå Kunsthøgskolen i Oslo, Noregs musikkhøgskule, Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB og Arkitektur- og designhøgskolen møtte statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel til debatt i Oslo.

Ei av sakene som vart drøfta var pengar til bygg. Då det var semje om statsbudsjettet eit par veker seinare, viste det seg at det framleis ikkje var funne pengar til nybygg for Griegakademiet i Bergen.

Totalt har det altså vore tolv debattar, og i tillegg panelsamtalar under dei to jubileumsarrangementa. Men framleis er ikkje debattplanen tom: På nyåret vert det etter planen utsett debatt saman med NTNU og eit naturleg tema er akademisk ytringsfridom.

Redaktør Lie ønskjer seg fleire debattar.

— Dette er noko me skal halda fram med, om enn ikkje i like stort omfang som i jubileumsåret. Dersom fleire ønskjer debattsamarbeid med Khrono er det berre å ta kontakt, oppmodar ho.

Og dersom du har lyst til å sjå ein eller fleire av debattane i opptak: Her er dei.

Sommarleg debatt i Volda i juni. Debattleiar Ragnhild Bjørge saman med Åse Wetås, Johann Roppen og Anders Ulstein.

 



Powered by Labrador CMS