Havbrukskonferanse vert digital

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Havbrukskoferansen, som er eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Fiskeri og havbruksnæringa si forskingsfinansiering (FHF), skulle vorte arrangert i Bergen i slutten av mars. Slik vart det naturleg nok ikkje.

I staden for at mange av dei forskarane som jobbar med akvakulturrelatert forsking kunne treffa kvarandre fysisk, vil det no verta ein digital konferanse 9. og 10. juni.

Arrangørane melder, ifølgje kyst.no, at det var med tungt hjarte dei måtte avlysa konferansen tidlegare i vår.

— Havbrukskonferansen er ein viktig møteplass for norsk havbruksnæring og ein viktig arena for å formidla norsk havbruksforsking, heiter det i meldinga.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS