Debatt ●Per Esben Svelstad

Historielause namn på NTNU-bygg

Når både bygg og busstopp har namn som nærast verkar KI-genererte, skaper det eit inntrykk av at vi har lite å vera stolte av – ja, lite å fortelja om, skriv professor.

Grønn rektangulær universitetsbygning med store vinduer og gressplen foran.
Ikke helt fantasifullt navn, men dette er Grønnbygget ved NTNU i Trondheim.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Typisk norsk 😂», skreiv ein i min aller næraste omgangskrins som tekst på ein Snap nyleg. Vedkomande hadde parkert utanfor eit grønt bygg på Gløshaugen med det ikkje spesielt fantasifulle namnet «Grønnbygget». 

I mange år har eg stussa over at ein by med ein såpass framståande plass i historia som Trondheim har eit såpass historielaust byrom når det gjeld namn på gater, bygg og installasjonar. Her stoppar bussane ved P1, K2 og Lerkendal 4 i staden for Trondhjems arbeiderforening, Bøndernes hus eller Stavne bru. 

Professor i klassiske studiar, Thea Selliaas Thorsen, har i fleire samanhengar påpeikt at kunnskapshistoria til Trondheim strekkjer seg attende til etableringa av Katedralskulen og at byen er fysisk utforma på ein måte som minner om tradisjonsrike universitetsbyar som Paris og Oxford. 

At Trondheim berre er bart, skinnvest og sport, er ei bestemt forteljing om kven vi er, som kunne sett heilt annleis ut. 

Namna vi bruker for å organisere byrommet, er med på å etablere slike forteljingar. Når både bygg og busstopp har namn som nærast verkar KI-genererte, skaper det eit inntrykk av at vi har lite å vera stolte av. 

Kva fortel det om oss som lever i dag, dersom vi synest «Grønnbygget» er det beste namnet på eit grønt bygg, eller at kvinnelege kunnskapsarbeidarar er godt representerte når namnet på eit bygg tilfeldigvis inneheld spor av eit kvinnenamn?

Per Esben Svelstad, professor NTNU

I fylkeskommunen har dei skjønt det. Dei er ikkje redde for å kalle opp vidaregåande skular etter historisk sentrale kvinner som Cissi Klein og Thora Storm. NTNU, derimot, formanar til tilbakehalden bruk av såkalla honorære namn på nybygg. 

Leiar ved Institutt for musikk, Nora B. Kulset, stiller seg positiv til dette. Det er lett å forstå frykta for at det motsette ville ført til at vi fekk fleire bygg med mannsnamn enn med kvinnenamn, eller at dei einaste kvinnene som fekk bygnader oppkalla etter seg, var «den fyrste» til å gjera eit eller anna. 

Når eg likevel er ueinig med Kulset, er det fordi eg meiner at ingen namn kjem av seg sjølv. No som NTNU i Trondheim skal få fleire nye bygningar, bør det vera ei moglegheit til å diskutere ikkje berre kven som fortener æra, men, meir overordna, kva val om namnsetjing fortel om universitet vårt og byen det ligg i.

For nokre år sidan  harselerte eg og kollega Marion G. Stavsøien over at namnet «Helgasetr» vart valt til nybygget for helse- og sosialfag. Ikkje berre vart det nytta ei skriveform som er umogleg å uttala; namneutvalet fekk seg til å ytre at namnet hadde eit «feminint tilsnitt» og på det viset gjorde ære på ein sektor som har ein overvekt av kvinner. Ja, eg har lese pressemeldinga frå 2020 på ny mange gonger for å forsikre meg om at det faktisk står noko så borti staur og vegg tankelaust. 

Når det likevel er gjort, og når det no på ny blir opna for innspel om namn på bygg, må vi som meiner at kvinner som har kome med viktige bidrag til kunnskapshistoria, melde oss på i staden for å kapitulere.

Stavsøien og eg har utarbeidd forslag til kvinnenamn som kan brukast på nokre av nybygga NTNU vil få dei næraste åra. For å ta eitt eksempel: Vi føreslår at bygget for humaniora og samfunnsvitskap blir kalla opp etter Sigrid Undset. 

Som nobelprisvinnande forfattar står Undset på line med kapasitetar som Lars Onsager, og ho hadde ei vel så sterk tilknyting til Trondheim og institusjonane som i dag utgjer NTNU. Farsslekta hennar var trønderar, og sentrale delar av handlinga i romanar som Gymnadenia, Elleve aar og ikkje minst Kristin Lavransdatter utspeler seg i Trondheim og Trøndelag. Undset donerte 10 000 kr til oppføring av ei ny fløy ved Gunnerusbiblioteket – ein kolossal sum på 1930-talet – og ho testamenterte over 1200 band, mellom anna verdfulle mellomaldermanuskript, til biblioteket. 

Som både forfattar og boksamlar har Undset dimed gjeve uvurderlege bidrag til dei historiske, arkeologiske og filologiske vitskapane som skal inn i eit nytt bygg på Gløshaugen. Dette er likevel berre eitt forslag; eg er sikker på at det finst kvinner som har bidrege til både desse og andre fagfelt som kunne heidrast for noko anna enn å vera «den fyrste» (utan at eg umiddelbart forstår kvifor dét skal vera ein mindre verdig grunn til å få eit bygg oppkalla etter seg).

Namn skaper interesse og moglegheit til å byggje kunnskap og identitet gjennom forteljingar. Når ein går forbi ein skule som heiter Thora Storm, eller eit møterom som heiter Eva Sivertsen, får ein høve til å stoppe opp, spørja kvar namnet kjem frå, og bli klokare på personar og hendingar som har forma romma vi arbeider i, for ikkje å seia samfunnet vi lever i. 

Det skaper medvit om lange liner, om stridane og gledene som har vore med på å skapa den verda vi har, og om menneske som har ofra mykje for den kunnskapen vi sit på. 

Namn fortel også ei historie om menneska som bygde byrommet. Kva fortel det om oss som lever i dag, dersom vi synest «Grønnbygget» er det beste namnet på eit grønt bygg, eller at kvinnelege kunnskapsarbeidarar er godt representerte når namnet på eit bygg tilfeldigvis inneheld spor av eit kvinnenamn? 

Powered by Labrador CMS