NHH tek ikkje imot innreisande utvekslingsstudentar
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Noregs handelshøgskule (NHH) avlyser all utveksling for innreisande studentar hausten 2020, både på bachelor- og masternivå, opplyser dei på eigne heimesider.
![NHH håper dei kan ønskje innreisande utvekslingsstudentar velkomne våren 2021.](https://image.khrono.no/366310.webp?imageId=366310&x=0.00&y=18.75&cropw=100.00&croph=78.47&width=784&height=616&format=jpg)
Det skjer etter at høgskulen tidlegare denne månaden bestemte at utveksling for utreisande studentar på masternivå heller ikkje blir noko av den komande hausten, skriv K7 Bulletin.
Det vil heller ikkje bli sett opp noko virtuelt alternativ for innreisande studentar.
— Vi er klar over at nokre innreisande studentar ikkje vil ha høve til å utsetja planlagde opphald, og at dei truleg vil bli skuffa. Diverre kan vi ikkje tilby eit virtuelt utvekslingssemester ved NHH som eit alternativ, skriv høgskulen på heimesidene.
Dei presiserer på heimesidene at avgjerda kun gjeld utveksling og ikkje for dobbeltgrad-studentar. Studentane dette gjeld har fått informasjon direkte, opplyser pressekontakt Sigrid Folkestad til K7 Bulletin.
Høgskulen har eit mål om å kunne ta imot innreisande utvekslingsstudentar våren 2021.
(Ragnhild Vartdal / Khrono)
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen