akademisk fridom

— Vi trur ikkje det vil skje her. Det trudde dei heller ikkje i USA

Kan amerikanske tilstandar bli norske? Det er på tide å leite etter blindsonene i demokratiet — og i akademia, meiner Anine Kierulf.

— Det er viktig å vere merksam på kvar vi er sårbare, sjå på kva vi tar for gitt, seier Anine Kierulf. Denne veka arrangerer ho ein av fleire debattar under overskrifta «Når forsking blir fienden».

Ho er midt i ein arrangementsserie med paneldiskusjonar som ser ut til å bli meir aktuelle for kvar gong, for ikkje seie kvar dag. 

Det er utviklinga i USA, og angrepa på akademia, som er bakgrunnen for serien som går føre seg på Scene Domus Bibliotheca ved Universitetet i Oslo: «Når forsking blir fienden». Denne veka er det sjølve forskinga som skal under lupa. Har vi eigentleg bruk for forskarar i dag — kva er det eigentleg som skil forskingsbasert kunnskap med annan kunnskap?

FAKTA

Når forsking blir fienden

  •  Gjennom ein serie arrangement set Universitetet i Oslo fokus på beredskap og akademia: «Når forsking blir fienden. Onsdag 29. januar kl. 18.00-19.15, på Scene Domus Bibliotheca, er spørsmålet: «Hvorfor trenger vi kunnskap?».
  • Arrangementa blir leia av Anine Kierulf og i panelet sit: Are Raklev, professor i fysikk. Karin Cecilie Lødrup Carlsen, professor i medisin. Sunniva Engh, professor i historie. Johannes Bergh, forskingsleiar, Institutt for samfunnsforskning. 

— Tanken er å rette merksemda mot drivkrefter som ikkje er noko spesifikt amerikansk og dermed relevante også for oss. Vi vil sjå på korleis dette kan slå ut her heime, prøve å rydde i kva som er viktig, kva ein kan lære av, seier Anine Kierulf, kjend jurist og ytringsfridomsekspert.

Til samtalen kjem ein fysikar, ein medisinar, ein historikar og ein samfunnsforskar for å snakke om «fienden» og motstandskrafta mot det som kanskje ikkje er så synleg, men kanskje kan true akademisk fridom og kunnskap også i Noreg.

Det er det som «alt» handlar om for tida: beredskap.

Konsensus som trussel

Men kvar er beredskapsplanen for forsking, spør arrangørane. «Historisk blir gjerne universiteter tidlig angrepet i krig og totalitære regimer. Er vi rustet for angrep?»

— Vi er ikkje under press på den måten ein er i USA, som heilt klart går i autoritær retning. Men sjølv om vi ikkje går i ei autoritær retning, er akademia her utfordra på mange andre måtar. Eg tenker særleg korleis pengar blir reallokert. All den tid det går mindre pengar til forsking, vil forskinga stå mindre fritt, seier Kierulf.

Og kvar pengane går er etter kvart blitt svært tydeleg. 

Donald Trump, Vladimir Putin og verdssituasjonen har ført til at Noreg skal ruste opp det som blir omtalt som totalforsvaret. Litt på same måte som «berekraft» og «klima» eit tid har vore overskrifter på søknader om forskingsmidlar, er det no beredskap og forsvar som er magneten.

Det er alltid ein fare for at denne typen «buzzwords» underbygger ein form for einsretting i systemet, der alle tilpassar seg ei bestemt retning, meiner Kierulf.

— For den akademiske fridomen er det ei utfordring når nokre samfunnsspørsmål blir så viktige at dei nokon grad skuggar over andre. Tryggleikstenking kan lett gli over i eit krav om konsensus på visse område, og det truar alltid fridomen. Eit spørsmål då er kor god kvalitetskontroll vi har. Kva slags bullshitdetektorar har vi som kan skilje verkelege bidrag og dei som mest blir pynta med slike ord? 

Det er også ei form for beredskap.

Politikk og polarisering

Forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning, Johannes Bergh, er ein av deltakarane på arrangementet denne veka. Han peikar på at tilliten i den norske befolkninga framleis er svært høg, også til forskinga. Frp-veljarar skil seg ut med noko lågare tillit til forskarar enn andre i det politiske spekteret, men også dei har rimeleg høg tillit, ifølgje Bergh.

Johannes Bergh, forskningsleder, Institutt for samfunnsforskning
Kritikk kan bygge tillit, meiner Johannes Bergh, forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning.

— Det er ikkje nødvendigvis negativt med kritikk mot forskinga, heller. Kunnskap skal jo kritiserast, reviderast og oppdaterast. Då må ein som forskar tole kritikk. Truleg er dette med på oppretthalde tillit på lengre sikt, så lenge ein er transparent og villig til å diskutere, seier han.

Den norske tilstanden er derfor langt unna dei amerikanske. Men det er ikkje det same som at vi ikkje er sårbare.

— Særleg der forsking og politikk nærmar seg kvarandre, kan det vere vanskeleg å unngå ei viss polarisering. Då er det viktig å stå inne for det forskinga viser, sjølv om det er utfordrande og kan verke polariserande, seier Bergh.

Det vi tar for gitt

For Kierulf er målet med arrangementsserien å halde seg vaken, eller halde oss alle vakne, sjølv om scenene som utspelar seg på Columbia-universitetet eller i gatene i Minneapolis verkar fjerne for oss.

— I det sjølvoppnemnde demokratiske og fridomselskande fyrtårnet Noreg har vi lett for å tenke enker at dette ikkje vil skje her. Men det trudde dei heller ikkje i USA. Det er viktig å vere merksam på kvar vi er sårbare, sjå på kva vi tar for gitt. Demokrati blir mykje diskutert i Noreg, men kva med rettsstaten? Då Stortinget vedtaksfesta uavhengige domstolar vart det akkompagnert av ein stor gjesp. Men rettsstaten er det demokratiet kviler på, seier Kierulf.

— Og akademisk fridom? Vi opplever det ofte så sjølvsagt at vi ikkje ein gong greier å forklare kva det er.

Det kanskje viktigaste akademikarar kan gjere no — ikkje minst rektorar og andre leiarar — meiner Kierulf, er derfor å anstrenge seg for å gjere seg forstått for folk flest:

— Å gjere det tydeleg kvifor vi har akademia, og kva vi skal med det.

Powered by Labrador CMS