Kortnytt
Vil knyta Stord til havet
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Korleis kan Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus på Stord verta vidareutvikla? Ein verkstad med seksti personar frå nærområdet har kome med forslag til korleis ein kan gjera Stord meir attraktiv for studentar og tilsette.
![Dagens administrasjonsbygg ved Campus Stord var det første bygget som vart teke i bruk då «Storøens Seminarium» flytta frå Tyse til Rommetveit i 1866.](https://image.khrono.no/436443.webp?imageId=436443&width=960&height=548&format=jpg)
Vinnarkonseptet handlar om havet. Forslaget er mellom anna å dyrka Stord sin unike plass ved havet som læringsarena i dei eksisterande studietilboda, og å integrera studentaktive læringsformer knytt til hav og kyst, som dykking og båtliv, i utdanningane og studielivet. Dette kjem fram i ei pressemelding frå høgskulen sjølv, som Sunnhordland først omtala.
— Me har eit mål om å gjera campus Stord meir attraktiv for studentar og tilsette, og tydeleggjera campusen sin profil, seier HVL-rektor Berit Rokne i pressemeldinga.
Khrono har tidlegare skrive at tilsette på Stord er uroa, mellom anna fordi fag har vorte lagt ned, og viser til prosessen ved Nord universitet, der campus Nesna er vedteken lagt ned. Men Stord, der det har vore lærarutdanning sidan 1838, er viktig for HVL, seier høgskuleleiinga.
Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik seier i pressemeldinga at vinnarkonseptet og dei andre resultata frå verkstaden skal verta presentert for HVL-styret til hausten.
(Hilde Kristin Strand / Khrono)
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen