Kortnytt
Volda innfører «solidaritetskarantene»
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ved Høgskulen i Volda er det innført det rektor Johann Roppen kallar «solidaritetskarantene».
— Det går enkelt og greitt ut på at dei som har vore utenlands blir oppmoda om å gå i frivillig karantene i ti dagar, uavhengig om dei kjem frå grøne eller raude land, forklarar Roppen til Khrono.
- Les også: Truer med å avlyse fadderuker i Oslo
Avgjerda om å oppmoda om karantene for dei tilsette ved høgskulen blei teken under eit møte med kriseleiinga fredag i førre veke, og er i tråd med helseminister Bent Høie (H) sitt råd om å unngå unødvendige fritidsreiser til både grøne og raude land.

— Det er ikkje mange av dei tilsette hos oss som har vore utenlands, men nokre er det, og me trur det er lurt at desse går i karantene, seier Roppen.
Les meir om grøne og raude land på FHI sine sider.
(Joar Hystad / Khrono)