Debatt ● Kjetil Tvedt og Eirik Hågensen

Digital omstilling skjer i praksis med fagarbeidarane

Teknologi skaper først verdi når ho blir teken i bruk. Fagskulane har ei nøkkelrolle i å omsetje teknologi til praktisk verdiskaping i arbeidslivet.

Eirik Hågensen, rektor Fagskolen i Viken
Dersom fagarbeidarane ikkje forstår verktøya, ikkje stolar på dei, eller ikkje får høve til å lære dei å bruke dei, stoppar omstillinga opp, skriv forfattarane.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Sveinung Skule peikar i Khrono på at kompetanse er ein føresetnad for å lukkast med digital omstilling. Det er vanskeleg å vere ueinig i. Skal Noreg lykkast med digitalisering, kunstig intelligens og ny teknologi, må vi satse breitt på kompetanse — ikkje berre i forsking og akademia, men i heile arbeidslivet.

Likevel saknar vi eitt avgjerande perspektiv i diskusjonen: kvar verdiskapinga faktisk skjer. Det er ikkje i strategidokumenta eller i styreromma åleine. 

Store delar av verdiskapinga skjer når ein fagarbeidar tek i bruk nye digitale verktøy i kvardagen som bidreg til meir effektiv drift, betre kvalitet, høgare produktivitet og ei styrkt botnlinje i verksemdene.

Digital omstilling er ikkje først og fremst eit nytt system eller ei ny plattform. Ho skjer i verkstaden, på byggeplassen, i kontrollrommet og i driftsorganisasjonen. Det er der teknologi blir teke i bruk — eller ikkje teke i bruk.

Når kunstig intelligens skal effektivisere produksjon, vedlikehald, logistikk eller dokumentasjon, er det fagarbeidarane som møter teknologien i praksis. Når ein fagarbeidar lærer å bruke nye verktøy til planlegging, feilsøking, rapportering eller analyse, skjer verdiskapinga direkte: oppgåver blir løyste raskare, feil blir reduserte, og tid blir frigjord til kjerneoppgåver. 

Dette styrkjer både effektiviteten og konkurransekrafta til verksemdene.

Dersom fagarbeidarane ikkje forstår verktøya, ikkje stolar på dei, eller ikkje får høve til å lære dei å bruke dei, stoppar omstillinga opp. Då blir òg gevinstane borte i form av produktivitetsvekst, betre kvalitet og betre økonomi.

Debatten om digital omstilling er ofte retta mot utvikling av ny teknologi. Det er viktig, men ikkje tilstrekkeleg. 

Teknologi skaper først verdi når ho blir teken i bruk. Fagskulane har ei nøkkelrolle i å omsetje teknologi til praktisk verdiskaping i arbeidslivet.

Fagskuleutdanning er tett knytt til yrke, arbeidsprosessar og konkrete kompetansebehov. Vi utdannar ikkje primært til forsking, men til endring i praksis. Når fagarbeidarar får kompetanse i å bruke digitale verktøy på ein trygg, kritisk og formålstenleg måte, aukar verksemdene si evne til omstilling, effektiv drift og lønsemd.

Kompetansebehovsutvalet peikar på behovet for mogleggjerande kompetanse — som kritisk tenking, etikk og fagforståing i møte med teknologi. Dette er kjernekompetanse i fagskulen, der teknologi alltid blir sett i samanheng med fag, ansvar og arbeidsliv.

Skule har rett i at digital kompetanse ikkje kan byggjast berre gjennom førstegongsutdanning. For fagarbeidarar er korte, praksisnære og fleksible tilbod avgjerande. Gjennom bransjeprogram og Industrifagskolen har fagskulane utvikla utdanningar som tek utgangspunkt i reelle arbeidsoppgåver og konkrete behov i verksemdene.

Når kompetanseutvikling skjer tett på arbeidsplassen, blir også gevinstane tydelege: betre utnytting av teknologi, raskare omstilling og meir robust verdiskaping i både privat og offentleg sektor.

For det er slik at digitalisering krev meir — ikkje mindre — fagkompetanse.

Digitale verktøy skal ikkje erstatte fagleg skjønn, erfaring og ansvar. Men med riktig kompetanse og rett bruk vil digitale verktøy forenkle eller automatisere rutineoppgåver og analyse, slik at fagarbeidaren får meir tid til å konsentrere seg om oppgåver der det trengst fagleg kunnskap.

Digital omstilling lukkast ikkje fordi vi har dei beste strategiane, men fordi fagarbeidarar i arbeid får kompetanse til å bruke teknologi klokt, trygt og produktivt. 

Skal Noreg lykkast med omstilling, produktivitetsvekst og konkurransekraft, må vi slutte å snakke om fagarbeidarane — og begynne å investere systematisk i dei.

Powered by Labrador CMS