Kortnytt
Nytt kvalitetssystem ved UiS
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I februar fekk Universitetet i Stavanger (UiS) beskjed om at dei hadde vesentlege manglar i sitt kvalitetsarbeid. Det konkluderte Nokut sine sakkunnige etter eit tilsyn.
Under torsdagens universitetsstyremøte, vart eit revidert kvalitetssystem vedteke.
Til liks med det førre systemet som vart vedteke i 2019, legg det nye systemet opp til ein god dialog mellom tilsette og studentar. Det som er nytt er at desse dialogane meir systematisk blir sett i samanheng med dei vedtaka som blir tekne i dei formelle fora, opplyser universitetet.
![Prorektor for utdanning, Astrid Birgitte Eggen, ved Universitetet i Stavanger.](https://image.khrono.no/495811.webp?imageId=495811&x=0.00&y=8.33&cropw=100.00&croph=38.19&width=784&height=450&format=jpg)
— Eg har ei forventning om at tilsette og studentar deltek aktivt i kvalitetsarbeidet. Eg forventar at dei set seg inn i kvalitetssystemet, sånn at kvalitetsarbeidet blir godt for dei, godt for studentane og godt for organisasjonen vår, seier prorektor for utdanning, Astrid Birgitte Eggen, i ei sak på universitetet sine heimesider.
I situasjonar der Nokut gir institusjonar beskjed om at dei har vesentlege manglar, får institusjonen frist på 12 månader på å vise at manglane er rettea opp. Så vil normalt bli gjennomført eit nytt institusjonsbesøk, noko som Universitetet i Stavanger fekk beskjed om i februar.
(Ragnhild Vartdal / Khrono)
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen