Debatt ● Eirik Hågensen og Kjetil Tvedt

Styrka beredskap krev også praktisk kompetanse

Når straumen går, treng vi ikkje ein professor i statsvitskap — vi treng fagfolk med kompetanse og utstyr til å fikse problemet. 

Eirik Hågensen, rektor Fagskolen i Viken
Universiteta må bidra med forsking, men styrka beredskap krev også praktisk kompetanse, særleg innan teknologi og helse, skriv forfattarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I det gode Khrono-innlegget «Totalberedskap krever kunnskap» peikar Universitets- og høgskolerådet på behovet for «kunnskapen som gjer oss i stand til å forstå, førebygge og handtere kriser». Vi i Fagskolen Viken er glade for at debatten kjem no, men meiner tilnærminga må vere breiare. 

Det handlar ikkje berre om teoretisk kunnskap, men også om den praktiske kompetansen som gjer at vi kan handle raskt og effektivt når kriser oppstår.

For at Forsvaret skal vere ein attraktiv karriereveg, må det finnast akkrediterte utdanningar. Difor foreslår Forsvarsdepartementet at spesialutdanningar — til dømes for flyteknikarar, minedykkaroperatørar og lagførarar — blir formelle fagskoleutdanningar etter nasjonale standardar. 

Då får personell ikkje berre militær spesialkompetanse, men også offentleg dokumentert fagkompetanse som er verdsett både i Forsvaret og det sivile.

Kopling til fagskule styrkar livslang læring, gir betre karrieremoglegheiter og kan bidra til at fleire vel å bli verande i Forsvaret. Samtidig får fagskulane betre rammer for å tilpasse seg forsvarets behov. Koplinga mellom praktisk militæropplæring og formell fagutdanning gir eit robust og framtidsretta forsvar.

Koplinga mellom praktisk militæropplæring og formell fagutdanning gir eit robust og framtidsretta forsvar.

Eirik Hågensen og Kjetil Tvedt

Forsvarsindustrien veks raskt. Kongsberg Defence & Aerospace tilset over 1000 nye medarbeidarar kvart år, dei fleste med teknologisk utdanning — ofte fagskulebakgrunn. I tillegg tilbyr bedrifta gratis og tilpassa kompetanseheving gjennom Industrifagskolen.

Slik bidreg fagskulane til at forsvarsindustrien får oppdatert kunnskap om ny teknologi, automatisering og digitale løysingar. Dette styrkar omstillingsevna og konkurransekrafta til norsk industri — avgjerande for totalberedskapen.

Moderne krigføring krev rask innovasjon og omstilling av industrien. Under pandemien såg vi korleis norske bedrifter starta produksjon av munnbind og respiratorar. I Ukraina skjer liknande prosessar med utvikling av dronar gjennom «rapid prototyping», der teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter må gå hand i hand.

Helsevesenet kan òg raskt få behov for ny kompetanse og fleire hender. Fagskulane tilbyr etterutdanning for helsefagarbeidarar og ambulansefagarbeidarar, og fag som «Avansert prehospital kompetanse» kan bli kritisk i ein krisesituasjon.

I Ukraina ser vi kor sårbar infrastrukturen er. Når straumen går, treng vi ikkje ein professor i statsvitskap — vi treng fagfolk med kompetanse og utstyr til å fikse problemet. Dei som får i gang straumnettet har gjerne fagbrev og høgare yrkesfagleg utdanning.

Noreg står i den mest alvorlege situasjonen sidan 1945. Regjeringa vil bygge opp totalforsvaret — summen av militære og sivile ressursar. 

Universiteta må bidra med forsking, men styrka beredskap krev også praktisk kompetanse, særleg innan teknologi og helse.

Våren 2020 fekk fagskulane i rekordfart på plass korte, digitale og desentraliserte utdanningar for permitterte. Vi viste at vi har både evne og vilje til å levere kompetanseheving raskt og effektivt. Neste krise kan bli meir alvorleg og kome raskare — derfor må vi planlegge no

Fagskolen Viken har kompetanse som krevs i krisetider. Vi er gode på samhandling og har erfaring med kompetanseheving i krisetider. 

Det er på tide å gi praktisk kunnskap den plassen den fortener i totalberedskapen.

Powered by Labrador CMS