Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Debatt ● Roar ulvestad

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det har vore ei rekke med innlegg i Khrono om høgare utdanning og språkkrav. Eit døme er eit innlegg i Khrono som refererer til «et brev som Nasjonalt nettverk for skikkethetsansvarlige nylig sendte til Universitets- og høgskolerådet (UHR). Der ber de rådet jobbe for å endre opptaksregelverket for utdanninger med skikkethetsvurderinger, som lærer- og sykepleierutdanninger.»
Eg er usikker på kva grunnlaget for innhaldet i dette brevet er, er det systematisk forsking, eitt og anna kvalitativt intervju, eller er det berre ein snakkis som har bobla og gjæra ei stund, som det er opportunt å bringe til torgs på eit tidspunkt der ordskiftet om innvandrarane igjen har blitt varmare? (Det vil seie kaldare.)
Eg saknar eit sakleg og etterprovbart kunnskapsgrunnlag for påstandane frå dette nettverket. Kom gjerne med det.
Dette oppslaget har uansett vorte kommentert av språkforskarar innanfor andrespråksfeltet, og det har blitt fanga opp av politikarar som Simon Velle frå Framstegspartiet. I ein kommentar seier han at det er på tide med tiltak, han verkar heilt nøgd med kunnskapsgrunnlaget sitt og trygg i si sak om at vi treng skjerpa språkkrav.
Konsekvensane av skjerpa språkkrav vil kanskje bli at framandspråklege som vil utdanne seg i eit gitt yrke arbeider med språket til opptakskompetansen er på plass, dei tek ein anna utdanning utan slike krav, dei blir verande i den jobben dei har, eller dei blir i verste fall verande utanfor arbeidslivet.
Eit skjerpa språkkrav utan andre endringar vil dermed ta frå eller innskrenke mange innvandrarar høve til sosial oppdrift i sitt nye heimland.
Det vert dermed ikkje stilt krav til utdanningane sjølve, som då skal sleppe å ta mot «uverdige» kandidatar før dei er gode nok.
Dette verkar som ei luksusløysing for utdanningsinstitusjonen, men diverre er det ikkje eit luksusproblem vi har med å gjere.
Eg har undervist i mange delar av opplæringssystemet, og har hatt elevar, studentar og deltakarar med store variasjonar i føresetnader og skulefagleg historikk. Er det ei haldning eg tykkjer står godt i norske skular, so er det at vi er der for elevane/deltakarane/studentane våre. Det er vårt oppdrag å ta utgangspunkt i ståstaden deira, og dyktiggjere dei i kunnskapar og ferdigheiter so langt det er mogleg ut frå rammene vi har, der læreplanen sjølvsagt er det viktigaste.
Denne haldninga er eg overtydd om at undervisarane i lærarutdanningane og sjukepleieutdanningane òg har. Vi har verken mynde eller høve til å velje vekk dei vi får, fordi dei ikkje er «gode nok». Før ein klagar over regelverk og opptakskrav, må ein sjå kva ein får til innanfor dei rammene ein har.
Vi er som nasjon kjent med at vi er underbemanna i mange kritiske yrke, og har ikkje uavgrensa med søkjarar til kjerneyrka i offentleg sektor, som sjukepleie og læraryrket. Sjukepleiarutdanninga er populært blant innvandrarar, lærarutdanninga mindre. Ta ein tilfeldig tur inn på ein norsk skule, og du vil diverre sjå svært få lærarar med innvandrarbakgrunn.
Når innvandrarane utgjer 30 prosent av sjukepleiarstudentane medan innvandrarane totalt utgjer berre 20 prosent av populasjonen, seier det seg sjølv at vi ikkje har råd til å bruke færre av dei.
Studentar med innvandrarbakgrunn er neppe den belastninga på medstudentane sine som det polemisk blir framstilt det opphavlege innlegget.
Mange av innvandrarane kjem med haldningar og livshistorier som kan fungere som gode korreks til norske medstudentar som her fødde og oppvaksne i tryggleik og fridom. Mange kjem òg frå kulturar der omsut for dei eldre og dei sjuke ikkje primært er eit offentleg ansvar, og har ofte ein sterkare arbeidsetos enn det fordommane skal ha det til.
Om noko skal gjerast, bør det skje gjennom å dele på ansvaret i språkopplæring og profesjonsutdanning.
Profesjonsutdanningane bør sjå og anerkjenne kvar einaste student dei får på listene sine, og legge opp til eit fagleg og didaktisk løp som sikrar deltaking og fagleg/språkleg utvikling. I språkopplæringa fram til ein er studiespesialisert, er det stort sett begynnaropplæringa som har fått merksemd i det offentlege ordskiftet. Utdanninga på vidaregåande nivå for minoritetsspråklege høyrer ein knapt om, med mindre ein som meg sjølv, jobbar i den.
Vi burde kanskje hatt ein læreplanrevisjon for denne delen av opplæringa, som styrka vektlegging av språklege ferdigheiter, både i lesing, skriving og tale. Vi veit at dei fleste som oppnår studiekompetanse, går inn i helsesektoren, og vi har mange med realfagleg bakgrunn frå heimlandet som vil bygge på denne.
Likevel speglar læreplanen ein noko bleika versjon av vanleg studiespesialiserande, der ein må dekke ganske mange kompetansemål som har overvintra grunna nostalgi og andre kulturelle og strukturelle mekanismar.
Er det rett at norskfagets tradisjonelle lesefavorittar skal heimsøke Abdi, Mahmoud og Michelle? Er det rett å gje opplæring som i verste fall er totalt utan frigjerande impuls, og som mest er som kjempehøge kulturelle dørstokkar å rekne?
Når for mykje skal gjerast på for kort tid, kan vi i alle fall vere samde om at det ikkje er integrering vi held på med, heller at vi konserverer den trælstatusen innvandraren kjem inn i landet med, i eit livslangt patron-klient-forhold.
Det går an å tenke nytt i høgare utdanning òg, slik til det til dømes blir vist til av Marianne Brattgjerd og Wenche Wannebo ved Nord universitet i eit debattinnlegg frå oktober i år. Dei kan vise til sterkare resultat på medisinrekning etter at karakterkrav til sjukepleia vart fjerna, fordi dei har lagt om undervisning- og arbeidsmetodar og brukar ein utgåve av «Flipped classroom» som er med på å styrke sjølve fellesskapet rundt læringa.
Det vi ikkje treng, er det store skuldspelet, basert på gamle spelereglar.
Då går vi vidare med ein usunn praksis, der høgare utdanning skuldar på vidaregåande, som skuldar på ungdomsskulen, som skuldar på barnehagen, som skuldar på foreldra, som skuldar på kvarandre, skjermane, renta eller innvandringspolitikken.
Vi løyser ikkje krisene i offentleg sektor med å gjere livet meir utriveleg for innvandrarane. Dei sit på store menneskelege og faglege ressursar som vi ikkje har råd til å ikkje bruke. Om karakterkrav vert reintrodusert, får vi enda færre søkjarar å jobbe med.
Vi må ha trua på folk, og at dei med dei rette rammer og undervising kan utvikle den kompetansen samfunnet treng.
Når Simon Velle seier: «Det viktigste er at norskkunnskapene er gode nok til både faglige diskusjoner med kolleger og til pasientkontakt», seier eg nei. Det viktigaste er at norskkunnskapane blir gode nok.
Nylige artikler
NMBU-ansatte både hyller og refser omstridt reklame
Norske studenter reiser ut som aldri før. Even (25) har tatt det enda et steg lenger
Satsar på førti år til i akademia
Kåre Nilsson (1940–2026)
Søknad klar. Kan bli landets første private universitet
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat